Gursken/Larsnes Fotball

Kampreferat

Stranda - Larsnes/Gursken 7-3 (3-2) 06.05.2006

Kampfakta

Stranda stadion

Kjell Heltne , Spjelkavik IL

-

Bendik Torset (22)

Selvmål (42)

Andreas Rekdal (61)

Vegard Støylen

Ingen

Laget 4-3-3

Start :
V Sjåstad, F Johnson, V Støylen, S Torset, V Torset , A Johansen, T A Dyrhol, M H Gunnarstein, B Torset, A B Rekdal, F Moltubakk
Innbyttere:
A M Grønnevik, T E Saure, J H Ristesund, P Sætre, E Kvamme


1.omgang

2 minutt: L/G har ein bra sjanse med Frode / Vegar på corner frå Marius, keeper på stranda gjer ei god redning .
10 minutt: Kommunikasjonssvikt i bakre rekker med L/G gir strandaspelar ein enkel jobb å sette ballen i mål. 1-0.
19 minutt: Stranda er igjennom og avsluttar frå 15 meter, flott redning av Vebjørn S, corner til Stranda som var ufarleg.
22 minutt: Vebjørn T slår ei hard lav ball inn i feltet inn frå venstre kant, keeper og forsvar hos Stranda rotar, Bendik er hissig frampå og puttar greit. 1- 1.
30 minutt: Stranda får eit mål annulert for offside, noko tvilsamt.
31 minutt: Stranda får frispark frå 20 meter, Vegar får gult kort. Ballen vert sett utagbart over muren ved nermaste stolpe, flott mål, 2-1.
33 minutt: Marius med ei farleg frispark frå 25 meter, Stranda keeper er våken og reddar greit.
37 minutt: Stranda kombinerar fint og spelar ein mann åleine med keeper som lobbar elegant inn 3-1.
42 minutt: Andreas med frispark frå 25 meter, slår hardt inn på mål der ein Stranda forsvarar set ballen i eige mål, 3-2.

2.Omgang

Bendik går ut pga. skade, Espen Kvamme inn.

3 minutt: Ståle får føling med ein strekk, John Harald inn som midstoppar.
7 minutt: Gult kort til Stranda spelar for ettersleng.
16 minutt: G/L er offansive og flinke på topp, Asle spelar Andreas igjennom med ein fin pasning. Andreas scorar enkelt etter ei frekk dragning. 3-3.
20 minutt: Stranda med skudd rett utanfor etter fint gjennomspel. G/L virkar litt på helane.
24 minutt: L/G rotar på midten, Stranda set fart og spelar fint igjennom, sikker scoring. 4-3.
26 minutt: Meir rot hos L/G etter corner, Stranda spelar står åleine på 3 meter. 5- 3.
28 minutt: Straffe til Stranda, sikker scoring. 5-3.
32 minutt: Kjempesjanse til Stranda etter flott enkeltprestasjon, skudd over.
37 minutt: Bra sjanse til Stranda etter innlegg, skudd utanfor.
40 minutt: Ope mål for Stranda etter rot hos L/G, skudd utanfor.
42 minutt: Flott gjennomspel, 7-3 til Stranda.

Bytter i andre omgang:
Preben Sætre går inn på venstrebekk, Vebjørn Torset ut med skade.
Tor Eirik Saure inn på høgrebekk, Frank Johnson ut med skade.
Alf Marius Grønnevik inn, Asle Johansen ut.
Asle Johansen inn, John Harald Ristesund ut med skade.
Frode Moltubakk spelar siste 10 med skade, ingen friske bein igjen.

Oppsummering

Vi har framleis langt igjen før vi presterar opp mot det som bur i laget. Sjølv om vi til tider viser bra spel, må presisjonen i pasningsspel, tempoet og kynismen i forsvar forbedrast skal vi kunne hevde oss.

No var vi også veldig uheldige med skader ut i 2.omgang, men det er ingen tvil om at Stranda vann ein fortjent seier.

Referat fra Stranda sine nettsider

Av Stein Frode S Haugen

Tilbake til referatoversikt