Gursken/Larsnes Fotball

Kampreferat

Larsnes/Gursken - Norborg 2-2 (2-2) 01.06.2006

Kampfakta

Larsnes stadion

Frank Hansen , Godøy IL

-

Asle Johansen (25)

Andreas B Rekdal (37)

Vebjørn Torset

Ståle Torset

Ingen

Laget 4-3-3

keeper :
Vebjørn Sjåstad
Forsvar :
Vebjørn Torset, John Harald Ristesund, Tobben Rekdal,Ståle Torset
Midtbane :
Tor Arne Dyrhol, Bendik Torset,Marius H. Gunnarstein
Angrep :
Andreas B. Rekdal, Asle Johansen, Preben Sætre
Innbyttere:
Frank Johnson, Frode Moltubakk


actionbilde

Kampen

1.Omgang

4 minutt: Kalddusj for heimelaget! Norborg bryt på midtbana og spelar fint igjennom. Sikker scoring, 0-1.
6 minutt: Andreas skyt frå 20m, keeper må gi corner som det blir ingenting av.
8 minutt: Norborg med godt skudd, fin redning av Vebjørn S.
9 minutt: Straffe til Norborg! Vi mistar ballen på midten og klarer ikkje stoppe angrepet. Norborg spelaren dett "lett" innanfor 16; sikker straffe, 0-2.
11 minutt: Farlig sjanse til Norborg etter å ha brudd på midten. Det vert inga avslutning men eit innlegg over mål frå 15m.
17 minutt: Fint skudd av Tor Arne Dyrhol frå 25m som går over lengste vinkel.
19 minutt: Norborg aleine med keeper etter nok ein gong å ha vunne ballen på midten, lobb over mål.
20 minutt: Corner til L/G, Alse header i nettveggen frå skrå vinkel.
25 minutt: Redusering! Bendik jobbar bra på kanten og bryt overgang til Norborg. Hardt innlegg framfør mål til Marius på bakerste stolpe, han dreg av ein mann før han legg inn. Andreas flikkar til Asle som set ballen i mål via ein forsvarar.
35-35 minutt: Kriging på midtbana, halvsjansar til begge lag. L/G definitivt meir med etter reduseringa.
36 minutt: Andreas er fri og skyt frå 20m, ballen stryk stolpen.
38 minutt: Utligning! Vebjørn Torset får veldig bra treff på heil volley etter ein døballsituasjon. Keeper må gi retur etter å ha gått i full strekk, Andreas plukkar opp returen og scorar sikkert etter eit par klasse finter.
40 minutt: Vebjørn Sjåstad er uheldig med eit utspel. Norborg er åleine med keeper, men Sjåstad ordnar opp med ei glitrande redning.
42 minutt: L/G pressar på og får frispar, Andreas skyt frå 25m og keeper må gi retur. Marius set returen knallhardt rett på keeper.
44 minutt: Norborg er farlig frampå ei periode med to avslutningar på mål, der eine stryk stolperota.

2.omgang

3 minutt: Andreas og Marius kombinerar fint på venstre kant, innlegg til Tor Arne som avsluttar like over.
4 minutt: Norborg med farlig avslutning inne i feltet, Sjåstad reddar sikkert.
6 minutt: Marius dreg seg fint fri på venstre kant og slår inn, desverre er der ingen til å ekspedere innlegget.
9 minutt: Igjen fin jobb av Marius med innlegg til Asle som headar mot lengste stolpe, keeper må strekke seg, men har kontroll.
13 minutt: Preben Sætre ut, Frank Johnson inn.
15 minutt: Norborg bryt på midten og kjem til avslutning, skudd utanfor.
16 minutt: Norborg spelar fint i bakrommet, keeper Sjåstad er fint ute og forstyrrar slik avslutninga går over.
17 minutt: Asle åleine med keeper etter flott gjennomspel frå Bendik, keeper er raskt nede og avvergar.
19 minutt: Meget bra spel av L/G der Marius, Andreas og Asle kombinerar. Andreas er nesten åleine med keeper, men forsvaret til Norborg får avverga.
23 minutt: Stor sjanse til Norborg der eit innlegg landar mellom forsvar og keeper. Redning på strek av ein L/G forsvarar til corner som det blir ingenting av.
25 minutt: Gult kort! Vebjørn Torset får kort etter ei sein takling.
28 minutt: Gult kort! Avventande gult kort til Norborg spelar nr 17, bra dømt av dagens dommar, Frank Hansen.
33 minutt: Asle Johansen ut, Frode Moltubakk inn.
36 minutt: Marius med kanonskudd som stryk tverrliggaren!
38 minutt: Norborg får avslutta inne i feltet, keeper må gi corner som det blir ingenting av.
42 minutt: Andreas avsluttar frå 25m etter fint arbeid på høgre kant, alle ser ballen i mål, men den stryk stolpen.
43 minutt: Annulering! Norborg har ballen i mål etter ei fin kontring, men dei vert korrekt avblåst for offside.
45 minutt: Norborg får frispark på 17m, skudd over.

Oppsummering

Som forrige kamp hadde L/G problem med å kome i gang og ta initiativet frå start, men vi kom bra med sjølv etter to baklengsmål tidleg i kampen.
Laget jobba etterkvart veldig bra og kollektivt, noko som lover bra for komande kampar. Gjestane spelde hurtig og presis kontringsfotball og som høgdepungta viser kunne begge lag tatt 3 poeng. Alt i alt ein var dette ein underhaldande kamp med bra tempo og mykje sjansar.

Av Stein Frode S Haugen

Tilbake til referatoversikt