Kampreferat
Hovdebygda - Larsnes/Gursken 2-0 (0-0) 10.05.2006
Kampfakta
Hovdebygda stadion
Jan Erik Myklebust , Ørsta IL
-
Ingen
Ingen
F Johnson
Laget 4-3-3
Start :
Vebjørn Sjåstad, Frank Johnson, John Harald Ristesund,
Tobben Rekdal, Vebjørn Sjåstad, Preben Sætre,
Tor Arne Dyrhol, Bendik Torset,Marius H. Gunnarstein,
Andreas B. Rekdal, Asle Johansen
Innbyttere:
Oskar H. Gunnarstein, Espen Kvamme
Kampen
Alle var einige om at resultatet i kampen var et ran iforhold til sjanser og spel. Vi hadde trøkket i 90 % kampen, også berre med 10 mann dei siste 35 minutta av andreomgang.
1.Omgang
1 minutt: Bendik vart sett opp men skuddet fra 16-17 m gikk rett på keeper.
11 minutt: Asle på vei igjennom men HIL fekk avverga i siste liten.
16 minutt: Andreas på vei igjennom etter flott spel men var millimeter fra å rekke ballen før keeper.
17 minutt: Hovdebygda halvsjanse etter frispark men Vebjørn fekk slå vekk ballen.
19 minutt: Hovdebygda fekk mål etter corner men riktig avblåst etter angrep på keeper.
20 minutt: Gult kort til Frank Johnson.
22 minutt: Flott kombinasjonspel mellom Asle og Marius der Marius kom alene med keeper men fekk ballen forlangt foran seg.
29 minutt: Marius ut og Oskar inn.
34 minutt: Asle på vei igennom men greidde ikkje å skore.
36 minutt: Etter flott spel der ballen gikk på ei berøring vart Andreas spelt fri på 6-7 m men keeper redder. Returen fekk Bendik men en forsvarer reddar på streken.
40 minutt: Trippelsjanse med Andreas, Asle og Bendik men ikkje skoring.
42 minutt: 3 avslutninger etter korner men ballen gikk ikkje i mål.
Etter sjanser og spel burde Larsnes/Gursken ledet med minst 5 mål til pause.
2.omgang
48 minutt: Fin kombinasjon mellom Preben, Andreas og Bendik der Bendik vart aleine med keeper men greidde ikkje å avslutte skikkelig.
55 minutt: Fekk HIL ei billig straffe etter at Vebjørn miste ballen i feltet. En HIL angriper fekk ballen og vart
pressa av en LIL/GIL spelar og falt dommaren bles Straffe. Hovdebygda tok leiinga 1-0
55 minutt: Frank Johnson fekk sitt andre gule kort. Dermed rødt kort.
Etter dette så hadde vi fleire halvsjansar som kunne resultert i mål, men Hovdebygdaforsvarane og
keeper greidde heile tida å få ei tå på ballen slik at dei hindra skoring.
80 minutt: Andreas på vei igjennom som siste mann men vart teken. Dommar mente det var skulder mot skulder noko som vi var heilt uening i.
81 minutt: På kontringa etter så greier ikkje vi å avklare så Hovdebygda skorer 2-0.
Vi fullførte kampen med stil men greidde ikkje å skore fleire mål. Hovdebygda var nære på 2-3 ganger på slutten men vi greidde å hindre fleire mål.
God kamp av Tobben Rekdal i midforsvaret. Midtbana jobba veldig bra med Tor Arne og Bendik i spissen. På Topp skapte Asle og Andreas mykje bry for Hovdebygda forsvaret.
Oppsummering
Kampen var årsbeste fra vår side. Vi rett å slett løp Hovdebygda i senk og rundspelte dei i store deler av kampen sjølv med 10 mann på bana. Vi såg litt av tendensane fra storspelet i fjor men enno så manglar 2-3 av spelarane toppformen. Om ikkje lenge vil nok første seieren kome.
Av Jarle Gunnarstein
